Streik i en halv million dager

12.05.2011
Ein halv million arbeidsdagar gjekk tapt som følgje av arbeidskonfliktar i 2010. Vi må attende til 1996 for å finne eit tilsvarande tal på tapte arbeidsdagar, skriv SSB.

I underkant av 67 000 arbeidstakarar i tolv arbeidskonfliktar var omfatta av desse konfliktane i 2010. Ved førre hovudoppgjer, i 2008, var det til samanlikning 10 arbeidskonfliktar med om lag 13 000 arbeidstakarar involvert. I løpet av konfliktane i 2008 gjekk nær 62 600 arbeidsdagar tapt.

Det var flest tapte arbeidsdagar i helse- og sosialtenester. Her var 28 800 arbeidstakarar involverte, og det gjekk tapt 276 000 arbeidsdagar, eller 55 prosent av alle tapte arbeidsdagar dette året. I undervisning og byggje- og anleggssektoren var det også omfattande konfliktar, med høvesvis om lag 111 000 og 59 000 tapte arbeidsdagar.

Les mer her:
http://www.ssb.no/arbkonfl/
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Hatteland
A. Utvik
Sparebank 1 SR-bank
Hydro
Eurojuris Haugesund