Strid om utbygging av Svandalsfossen

31.10.2008
Haugaland Kraft vil bygge ut Svandalsfossen. Slikt blir det bråk av. Sauda Vekst tilrår utbygging på visse vilkår, mens fylkesmann og fylkesutvalg er kritisk.

Haugaland Kraft har søkt Norges Vassdrags- og Energidirektorat om å få bygge ut Svandalfossen i Sauda. Planene er nå sendt ut på høring.

Fylkesmannenhar stilt seg kritisk til utbyggingen av fossen, som er en del av Nasjonal Turistvei. Fylkesutvalget har sagt nei til utbygginga av fossen. Nå protesterer også naboene.
- Kraftverket vil ikke gjøre store inngrep i naturen. Det er et lite kraftverk som ikke berører natur og område rundt noe særlig. Tvert imot synes jeg dette er en positiv sak, sier direktør i Haugaland Kraft Olav Linga til NRK.

Naboene er ikke godt nok informert. Kulturminnene vil bli ødelagt og det vil bli støy fra kraftverket, mener Olav Risvold.


- Den type utbygging foregår aldri i det skjulte. Det er grunneierne som startet prosessen med å se på kraftverk der. Men dette ligger litt frem i tid. Det blir ikke noen avgjørelse her før om et års tid, sier Linga.


Sauda Vekst as, som representerer næringslivet i Sauda og som er medlemsorganisasjon i HN, mener det bør gis løyve til bygging av kraftverket på visse vilkår. Sauda Vekst har kommet med følgende uttalelse om utbyggingen:


-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

NVE – Konsesjon og tilsynsavdelingen
Postboks 5091, Majorstua
0301 Oslo.

Sauda, 30.10.2008


Uttale – Svandalsfossen kraftverk


Sauda Vekst AS er eit næringsutviklingsselskap i Sauda med 81 aksjonærar frå alle deler av næringslivet i kommunen. Formålet til selskapet er å medverka til utvikling av eit variert næringsliv i Sauda ved å yta kvalifiserte rådgivings- og servicetenester til bedrifter og offentleg forvaltning. Selskapet skal også medverka til utvikling av lokalsamfunnet og infrastrukturen ved eigne initiativ eller ved å støtta andre.

I utgangspunktet er Sauda Vekst as positiv til utbygging av vassdrag som kan bidra til å auka verdiskapinga i Sauda. Kommunen har også sagt i plansamanheng at ”Kommunen skal legge til rette for ei sikker og fleksibel energiforsyning basert på optimal utnytting av kommunen sine energikjelder og med eit minimum av forureinande utslepp og utslepp av klimagassar”. Likevel må ein rekna med at ei kraftutbygging i Svandalsfossen vil kunna bli oppfatta som kontroversiell. Dette grunna i nasjonal turistveg si satsing på staden og den landskapsverdien fossen har for området.

Sauda Vekst as innstiller på at det vert gitt løyve til bygging av kraftverket med visse vilkår. Ein har tatt særleg omsyn til at det ved oppretting av Nasjonal turistveg vart gjort særskilt avtale mellom Statens vegvesen og grunneigar vedrørande kraftverk. Det tel også i positiv lei at ei utbygging vil redusere vassføringa over riksvegen på flaumdagar.

Ut frå søknaden som er komen vil ein tilrå å forlenga perioden med høgare minstevassføring for å oppretthalda ei visuell oppleving i heile turistsesongen. Turistsesongen i Sauda startar for fullt når vegen mot Røldal opnar siste halvdel av mai, og strekker seg til uti september. Ein vil difor føreslå ei minstevassføring på 1 m3/s i perioden 15. mai til 01. september. Det bør også setjast vilkår som sikrar ei informasjonsutveksling mellom kraftverket og rasteplassen for Nasjonal turistveg.
Som eksempel på andre prosjekt med kombinasjon turisme/kraftproduksjon nemner vi Vøringsfossen, som tross regulering er eit av Noregs mest kjende turistmål.

Det har ei tid vore eit ønskje frå fleire partar om å restaurera den gamle oppgangssaga i området. Denne nyttar seg av vatnet i Kvernbekken. Slik det ser ut no vil ein få realisert dette i løpet av relativt kort tid. Ein må difor sikre at Kvernbekken har ei vassføring som gjer det mogleg å drive oppgangssaga i turistsesongen.


Når de gjeld inngrep og tekniske anlegg og installasjonar knytt til utbygginga har ein ingen merknader.


Med helsing
Sauda Vekst AS



Jan Alne Harald H. Løland
Styreleiar dagleg leiar
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
A.Utvik as
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Sysco
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland