Vann bygdeutviklingspris
23.09.2010
Prisen blei utdelt av fylkesordførar Tom Tvedt på arrangementet Mulighetsarena landbruk i Vindafjordhallen i dag.
Det er Innovasjon Norge Rogaland saman med Fylkesmannen si Landbruksavdeling som kvart år deler ut Bygdeutviklingsprisen til personar som har vist god evne til nyskaping og næringsutvikling innan landbruket.
BU-prisen består av eit diplom og prispengar på 50.000 kroner. Fylkesvinnarane kjemper i neste omgang om ein nasjonal BU-pris som skal delast ut under Skaperkraft 2010 i Oslo 24. november, skriv Grannar.no
Les meir her:
I juryen si grunngjeving heiter det:
Kari Synnøve og Jan Idar har gripe muligheitene som gardens ressursar gir og har klart å vidareutvikla garden til eit mønsterbruk. Dei er unge, med stort pågangsmot og ei optimistisk haldning til landbruket og framtidsutsiktene. Dei er kreative, omstillingsvillige og løysingsorienterte. Samtidig som dei er offensive og bringer nytenking inn på tunet, har de evna til å ta vare på kulturarven. Ekteparet viser også at dei har gode verdiar gjennom å ta ansvar og gi omsorg til fleire enn sine egne. Det økonomiske resultatet er godt og det beviser at dei vektlegg god styring og kvalitet i alle ledd.
Dei er særs gode ambassadørar for bygdene og landbruket i Rogaland