Vil vite meir om ferjefri kyststamveg

03.08.2010
Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa har sett i gang eit prosjekt som skal greia ut kva for potensial ein ferjefri kyststamveg vil ha for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsregionar.

E39 er hovudpulsåra i vest. Ein ferjefri kyststamveg vil redusera avstandsulempene i denne landsdelen, skriv Senterpartiets nettutgåve.

Difor har samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa sett i gang eit prosjekt som skal greia ut kva for potensial ein ferjefri kyststamveg vil ha for næringsliv og tilhøyrande bu- og arbeidsregionar. Prosjektet skal òg vurdera teknologiske løysingar for fjordkryssingar. E39 går langs kysten frå Kristiansand til Trondheim.

Prosjektet skal leiast av ei styringsgruppe, der vegsjefane i region vest, midt og sør er medlemmer. Representantar for dei ulike fylkeskommunane og frå nærings- og arbeidslivorganisasjonar skal utgjera ei referansegruppe.

Aktuelle fjordkryssingar der det no går ferje:
•Arsvågen - Mortavika i Ryfylke
•Halhjem - Sandvikvåg i Sunnhordland
•Lavik - Oppedal i Sogn
•Lote - Anda i Nordjord
•Volda - Folkestad, Sunnmøre
•Solavågen - Festøya Sunnmøre
•Molde - Furneset i Romsdal
•Halsanaustan - Kanestraum på Nordmøre


Nasjonal transportplan
Prosjektet skal sjåast i samanheng med dei utgreiingane som er igangsette på E39 fram til rulleringa av Nasjonal transportplan 2014-2023. Dei såkalla KVU'ane er forkorting for konseptvalutgreiing, som skal gjennomførast for prosjekt med kostnad over 500 millionar kroner.

Desse KVU'ane er igangsette i det aktuelle området:

•E39 Aksdal (i Rogaland) - Bergen, inklusiv Hordfast
•E39 Skei (i Sunnfjord) - Moa (Ålesund)
•E39 Moa - Bergsøy (Sunnmøre)
•E39 Bergsøy - Betna (på Nordmøre)
Vil du motta nyhetsbrev og invitasjoner?
Arrow

Hovedsamarbeidspartnere

Haubo
A.Utvik as
SPV
Karmsund havn
Vassbakk & stol
Sysco
Haugesund sparebank
Haugaland Kraft
Gassco
Dnb
Tveit
Hatteland